Det var foreldre som med stor dugnadsinnsats bygde bygget og starta barnehage i 1988.
Myra barnehage har vorte påbygd og renovert, også denne gongen med stor innsats frå foreldre og vi flytta inn igjen i romslege og moderne lokaler i november 2022.
Myra barnehage ligg sentralt på Valderøya, kort veg tiil fjell og fjøre gir oss mange fine turmål. Dette legg forholda godt tilrette for allsidige opplevingar og læring i lag med omsorgsfulle vaksne.
Vi har 38 heile plassar fordelt på 3 avdelingar, den eine rein småbarnsavdeling.
Røsslyng med dei eldste barna, Tusenfryd midt i mellom og Myrull med dei yngste barna.