TurboTråkk 2023

Vi har vore med på TurboTråkk 2023!

Tirsdag 29.august var førskulebarna med på TurboTråkk. Den Norske Turistforening har etablert Barnas Turlag, som står bak dette prosjektet. Gjennom prosjektet ønsker dei å motivere til meir uteaktivitet både i barnehagen og i fritiden. Nesten 10 000 barn fra 380 barnehagar var med på TurboTråkk i år, og vi var nokre av dei!

Med ryggsekk fylt av mat og drikke, tok vi turen frå Myra Barnehage og videre opp til skogen. Målet var å gå heilt til topps på Fløyna. Det klarte dei. For ein gjeng.

TurboTråkk har og sin eigen maskot som heiter Turbo Fjellrev. Ein blå bamse som har fått navnet Turbo, har vore med førskulebarna på både forberedelser, sjølve turen og tida i etterkant. Barna fekk eit godt forhold til Turbo, og han ville vere med på å motivere til meir tur og uteaktiviteter heime. Derfor fekk førskulebarna ha med seg Turbo heim, kvar sin dag.

Ein super start på det aller siste barnehageåret for førskulebarna våre🤍

Diplom måtte dei også få. Takk til TurboTråkk - vi er med neste år også ;)